Julebua opner på lørdag
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 315
Endeleg er dei her igjen, damene på julebua. Lørdag 30/11 kl 12 er dei klare, men i år har dei flytta sør til gamle lokalet til Trimbua like ved sida av Vivian Hårdesign.
Du er hjerteleg velkommen innom for ein hyggeleg julehandel og ein god prat.
Opningstider:
Mandag - Fredag 12 - 18
Lørdag 12 - 16
Siste opningsdag er mandag 23/11
Brødrene Aa med Kina leveranser
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 334
Brødrene Aa leverte denne veka to båter som blei lasta på transport skip på Eikefjorden.
Den eine som er halvfabrikat er produsert på verftet på Nesjane. Denne skal ferdig utrustast i Kina.
Den andre er ferdig utrusta og er produsert i Hyen.
Båten produsert på Nesjane står fremst, medan båten frå Hyen står mellom dei to midterste kranane.
Thomas fekk mykje speletid på landslaget
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 414
Som tidlegare nevnt vart Thomas Hallstensen tatt ut til G17 landslaget i fotball. I turneringa fekk Thomas mykje speletid med ein omgang mot Russland, kom innpå mot Tjekkia og spelte heile kampen mot England.
Landslagstrenaar Jalland trekk fram at Hallstensen er allsidig, kan spele både på venstre og høgre side, i tillegg til midtstoppar. Har to gode føter, har eit bra tempo og er sterk i duellane.
For Thomas har landslagsopphaldet vore ein inspirasjon til vidare satsing.
Thomas har ambisjonar. Han har lyst til å bli proff, men no skal det bli godt med litt ferie.
Asfaltfabrikk på Nesjane
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 574
NCC Industri AS planlegg å setje opp eit mobilt asfaltverk på Nesjane. Ein vil forsyne marknaden i Flora og nabokommunane med asfalt, skriv NCC i brev til Flora kommune.
I tilknytning til asfaltverket vil dei setje opp ei brakkerigg og eit lagertelt på 15x20 meter for lagring av asfaltgranulat. Asfaltgranulat er gammal asfalt som er knust og som blir nytta igjen i ny asfalt.
– Støy frå den planlagde fabrikken er regulert av forureiningsforskrifta §24.3. Den planlagde fabrikken tilfredsstiller krava her med god margin, skriv NCC Industri i brevet.
Forureiningsforskrifta tillater produksjon alle dagar inklusiv lørdag og søndager. Den tillater også produksjon nattestid, men då med redusert støynivå.