11 + 1 i Eikefjord
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 243
Politiet hadde kontroll på riksvegen i dag. 11 fekk forenkla forelegg for fart der høgste fart vart målt til 108 km/t. Ein fekk forelegg for håndholdt mobil.
Blånipa blir ikkje opna på Eikefjord appen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 313
Det er i år uvanleg mykje snø i fjellet. Den vanlege ruta opp til Blånipa er endå snølagt. Etter oppfordring av lokalkjent blir ikkje Trimpoeng appen på Blånipa opna 1. juni.
Som ein ser av bilde ligg snøen i hallinga ovanfor Nipevatnet. Eit feilskjær her og ein kan havne utfor hammaren. Idrettslaget vil ikkje oppfordre nokon å gå i dette terrenget før det er snøfritt. Alt etter veir framover kan dette ta opp mot ein månad.
God tur på alle dei andre turmåla.
Stien blir ferdig bit for bit
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 387
Stiprosjektet i Sørmarka blir no ferdig bit for bit. Onsdag ettermiddag vår ein god gjeng i gang med grusing av eit stykke lengst inne i marka. Spa grus opp i trillebårer, trille grusen og rake den ut på stien går som ein drømm når ein er eit godt arbeidslag.
I morgon fortset dugnaden kl 18 lengst inn i skogsvegen frå Sørmarka.
Du er hjarteleg velkommen
Slør på Vikafjellet
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 352
Mandag kveld oppstod eit naturfenomen som ein sjelden ser. Tåka la seg som eit slør over heile toppen av Vikafjellet.
I følge gamle veirmerke skal dette varsle godveir.