FAU på skulen har hatt møte 25/4.

M ø t e b o k

 

For

 

F A U

 

 

Mandag 25.04.05 kl 19.00 vart møte halde på klasserommet til 9. klasse på Eikefjord skule.

Til stades: Arna Hopen, Jan Telstø, Anne Margrethe Øren, Anita Løkkebø, Marlyn Tonheim, Anne- Marie Svardal, Anders Tyvold og Wenche Sandvik,

Frå skuleadministrasjonen møtte Torleik Stegande og Aslaug Kvamsås Aa.

Forfall: Per Endestad, Nina H. Liseth, Vigdis Foss, Ann Cathrine Øren,Trond Heimseth, Sølvi Langedal Ness, Trine Tønnesen, Bodil H. Øren, Ole Johnny Lid, Idar Øren, Ingunn Bergheim Aa og Jan Osa.

Møteleiar: Arna Hopen.

Møteboka for møtet 31.03.05 vart godkjent slik den ligg føre.

 

Saker til handsaming

Sak 12/05 Endring i timetal 1. – 4. klasse frå hausten 2005 .

Det er sendt skriv til foreldra til 1 – 4. klasse. Det kom inn ein skriftleg merknad signert

Marlyn Tonheim.

Vedtak:

FAU støttat skulen sitt framlegg om å auke timetalet på fredagane med 1. time.

Sak 1305 Utbetring av Eikefjord Skule.

FAU har teke initiativet til eit møte med bl.a. representantar frå skuleadministrasjonen, lagleiarane, elevråd, grendalag og politikarar frå Eikefjord for å sette fokus på utbetring av Eikefjord skule. Det er danna ei aksjonsgruppe kalla ”Aksjon skule 2007” og gruppa skal ha sitt første møte 27.04.05. Første delmål er å få saka om utbetring av Eikefjord skule opp på Bystyremøtet i juni. Aksjonsgruppa presenterer sjølv saka for bystyrerepresentantane.

Aksjonsgruppa består av: Torleik Stegane, Audun Solheim, Karoline Høyvik, Petter Langeland, Per Øyvind Sørebø, Trine Tønnessen og Arna Hopen.

Sak 14/05 Prosjekt Fysisk aktivitet og måltid i skulen. Referat frå møtet 21.04.05

Torleik refererte frå møtet på Torvmyrane skule, 21.04 der bl.a. representantar frå dei 7 skulane i Sogn og Fjordane som har fått prosjektmidlar var til stades.

Frå Eikefjord møtte Torleik, Per Øyvind, Trine og Solveig. Torleik meinte Eikefjord skule er fullt på høgde med dei andre skulane når det galdt gjennomføring av prosjektet i høve til målsetting. Det er likevel uvisst om skulen får midlar neste år , sidan 2-3 av dei skulane som no er med i prosjektet går ut. Får svar på søknaden i løpet av sommaren.

Sak 15/05 Eventuelt.

Storforeldremøte til hausten – tema:

Anne Marie Svardal hadde framlegg om tema om ”Det å vere ungdom i dag” Bror hennar kan kanskje vere føredragsholdar saman med ei helsesøster.

Vedtak:

•  FAU legg opp til storforeldremøte før haustferien.

•  Tema om det å vere ungdom i dag.

•  Prøver å få på plass føredragsholdarar.

•  Opplegg for ungdomsskuleelevar i skuletida og foreldra på kveldstid.


Avslutningsfest for 10. klase.

Wenche Sandvik har i brev til skuleleiinga teke opp spørsmål om regelverk for avslutningsfest for 10. klasse.

Torleik opplyste at det finns regelverk for avslutningsfest og kva skulen dekker. Det er likevel eit spørsmål om kor detaljert eit slikt regelverk bør vere. Klassekontaktane saman med klasestyrar og skuleleiing bør samarbeider om avslutningfesten.


Uttale til læreplan 2006.

Frist for uttale går ut ca. 15.mai. Foreldre som har synspunkt på planen vert anmoda om å gi uttale direkte på nettet. Skal FAU gi uttalelse, må denne vere gjennomarbeidd.

Vedtak

•  FAU gir Arna Hopen og Marlyn Tonheim fullmakt til å utarbeide og gi uttale til læreplan 2006 på vegne av FAU.

 

KRL faget i ny læreplan

Anita Løkkebø stilte spørsmål om ein får alternativ opplæring i staden for kristendom.

 

Møtet slutt kl 20.30

 

Anders Tyvold

sekretær

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2