ImageNorges vassdrags- og energidirektorat har ikkje innvendingar mot at gamle brukar og midtkar vert fjerna i elva ved Storebru. Det er landbrukssjefen i Flora som har spurt om løyvet. 

 

Saka gjeld gamle murar som er blitt ståande att etter at den eldre brua på staden er blitt fjerna. Grunneigarane på begge sider hevdar at murane er med på å stuve opp elva ved stor vassføring. Oppstuvinga er til ulempe for dei som vur ved elvekanten, og dei ønskjer derfor å få fjerna murane.
NVE har synfart området og kan ikkje sjå at ei fjerning av brukara vil verke negativt inn på allmenne interesser, og rår derfor til at arbeidet kan gjerast. Då på ein slik måte at sjølve botnen av elva ikkje blir rørd.

Kilde Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2