ImageVegen Svarthumle - Brandsøy er forlengst opna og trafikken flyt avgårde i 80 pluss litt til. Rundt vegen kan vi endå sjå maskinene som held på med flikkearbeid.

Vegvesenet sine folk trur at dette arbeidet vil ta omlag ein månad, men det er ikkje godt å vite kortid alle er fornøgd.
På bildet er det muren langs vegen til Hågane som blir forsterka. Vegvesenet la om alle småbekkane fra Hovlandstunellen til Øvrebøen slik at dei no kjem ned i inste Hovlandselva. Vassføring er blitt større slik at det måtte lagast bedre mur mot vegen. Det var ikkje noko ulempe at vegen samtidig vart litt breiare i denne bratte bakken.
Det er fleire slike småjobbar vegvesenet skal gjere ferdig før dei forlater Eikefjord for denne gang. Skal vi lytte til folkesnakket har dei gjordt ein fantastisk jobb med vegen og området rundt og ikkje minst i Eikefjord sentrum

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2