Image
Foto: SHo

Då det slo til med strålande finver igjen på sundag, var det ingen veg utanom: vi måtte berre til fjells. Det var nesten vanskeleg å finne parkeringsplass på rasteplassen på Stien, før vi tok vegen oppover mot Eikefjordsstøylen. Og vi vart ikkje aleine.
Langs vegen oppover trefte vi folk, blide, glade og spreke. På Eikefjordsstøylen må der ha vore eit 30-tals store og små som kosa seg i solskinet då vi kom dit. Turen utover mot Hovlandsstøylen gjekk nesten i lang, lang rekke. Og på Hovlandsstøylen var der folk i hopetal.

Vi la kursen mot Nipevatnet, og trefte også her stadig folk, born og vaksne. Fleire av dei vi snakka med meinte at dei hadde aldri sett så mykje folk i fjellet her før. (unntaket må vel vere stølsmessa i 2003?).

Image
Foto: SHo

Mange hadde teke turen frå Florø. Fleire av dei fortalde om den vellukka turen som skulane i Florø hadde her nyleg – det gav meirsmak.

På veg nedover att trefte vi til og med nokre med barnevogn og fire småborn på Hovlandsstøylen. Dei hadde teke turen frå Florø, og fortener honnør for god innsats. I ei tid då det vert fokusert på det helsemessige ved fysisk aktivitet, ser vi på dette som det flottaste innslaget. Du må vere motig for å finne på å prøve å trille barnevogn oppover Hovlandslia, og du må vere temmeleg sprek for å greie å gjennomføre det!!

Takk for turen, alle saman. Og takk til den / dei som har sytt for merking av veg. (Kanskje nokre av merkebanda er borte … og kanskje bør der også merkast med eitt og anna skilt, med tanke på stadig fleire ukjende turgåarar i terrenget vårt?)

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2