Friidrettsgruppa slit med å få til trening for gruppa mellom 10 og 12 år. Gruppa har ikkje fått nokon av foreldra til å være trenere for denne gruppa. No tilbyr Friidrettskretsen kurset ”Frå leik til friidrett”.

Aktuelle er foreldre, ungdom, tilsette i skular og barnehagar. Dersom her er interesse er det berre å ta kontakt med dagleg leiar Narve Heggheim på tlf 57 76 12 22 / 913 14783 eller e-mail [email protected] . Han ordnar det meste med tilrettelegging av kurset. Kurset inneheld nnføring i friidretten sine øvingar. Orientering om barnet si utvikling og tips og idear for korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre leikbasert aktivitet med vekt på allsidigheit og variasjon. Kurset har både teoretiske og praktiske leksjonar både ute og inne.

Kretsen tek sikte på å følgje opp med Ungdomstrenarkurs seinare i same område dersom interessa er stor nok.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2