Det blei ein jevn kamp mellom Førde II og Eikefjord i dag. Førde var spelemessig best, men Eikefjord var nærmast 3 poeng med 2 kjempesjansar mot slutten av kampen.

Førde skåra først etter ei tabbe av eine backen som bomma på ballen i ein upressa situasjon. Ein Førdespelar snappar ballen og set den enkelt i mål. Deretter er det Per Tore som er heldig. Ein lobb blir slått vidare av keeper og i mål og dermed 1-1 til pause.
I andre omgang går Eikefjord opp i ledelsen. Børge gjer eit kjempearbeid og legg inn til Per Tore som set ballen i mål på direkten. Førde bergar eine poenget med eit kjempefrispark. Eikefjordkeeper høyrer berre suset der ballen blir satt kontant i krysset.
10 min før slutt har Eikefjord ein kjempesjanse, Håvard header eit innkast i tverrliggaren, returen dett ned til Odd Magne som klarer det kuntstykket å sette den frå 2 meter via tverrliggar og over. Der hadde eg alt hendene over hodet, seier trener Tore Agledal.
5 min før slutt var Per Tore gjennom, men keeper halvklarerer og forsvaret rydder opp før Per Tore får returen i mål.

Kampfakta:
9 min. 1-0
16 min 1-1 Per Tore Magnusen
57 min 1-2 Per Tore Magnusen
69 min 2-2

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2