Eikefjord kastarane gjorde det som vanleg svært godt under Jr-NM i helga. Idar G. Havn vart ein av dei store med 2 gull og dermed kvalifisert til hoved NM.

Idar vant kule med 14,35 og spyd med 56,05. Idar er ikkje fornøgd med desse resultata sjølv. Eg må over 60 meter i spyd og 15,5 meter i kule. På ein heldig dag kan eg være med å kjempe om ei medalje i kule på NM, seier Idar optimistisk.
Vegard Vågane fekk andre plass i slegge med 47,83 og tredjeplass i diskos. Da Vegard kjente i ein skade, valgte han ikkje å presse seg i diskos. Han hadde dermed kun eit godkjent kast her.
Yngve G. Havn var deltakar i Jr-NM. Han reiste mest for å få mesterskapsærfaring og ville nok litt for mykje i diskosringen. Alle kasta vart underkjent, men han kjem nok sterkt igjen seinare.
Alle kastarane klaga på kastringane i Haugesund. Dei var ru og svært trege og dette gjekk nok i disfavør av eikefjordkastarane som er rekna som raske i ringen

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2