Langedal/Storebru/Løkkebø Grendalag arrangerer bygdafest 15. oktober. Det er lagt opp til koldtbord med start kl 19 og deretter dans til kl 02 med musikk av Hela i taket. Det er bindande påmelding i bok på Spar eller til Marta Vågane (57744872) innan 10. oktober. Sjå også link på framsida.
Dei vil også arrangere den årlege Julemessa 27. november kl 13-18.
Begge arrangementa står i kulturkalenderen.
Grendafest og Julemesse
- Kategori: Nyheter 2005