Eikefjord er godt i gang med å etablere eit rockemiljø. Gutane i Battery har synt at dei kan og vil, og dei får det til. Likevel treng dei som oss alle av og til litt ny inspirasjon, litt hjelp og litt støtte.

Her er vi avhengige av å søkje ekstern hjelp. Og slik hjelp kan vi ikkje godt be om utan at vi tilbyr betaling. I samband Eikefjorddagane 2004, blei det etablert kontakt med personar som har tilknyting til Eikefjord og som har spelt i band lenge. Det var Kyrre Stegane, Trygve Solheim og Øyvind Solheim. Dei var med fredag kveld og laurdag under konserten i Allhuset, og gav Battery eit løft. I tida etterpå har vi ofte snakka om å få dei tilbake, men det har vorte utsett.

Battery treng no litt påfyll og inspirasjon, difor er Kyrre og Trygve (Øyvind er usikker då han skal spele konsert i Oslo) kontakta om ein øvingsdag palmelaurdag(19.mars). For å finansiere dette er det søkt grendalaget og ungdomslaget om støtte og i tillegg bør foreldra betale litt kvar.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2