Jan Erik Hopen er ferdig med 3 år av utdanninga på Naprapat Høgskolan i Stockholm. Han har lært alle dei teknikkar han skal og har igjen eit år med prosjektutredning før han er ferdig utdanna. Eikefjord.net besøkte Jan Erik i Førde på kontoret til Ole Petter Paulen som er den einaste utdanna naprapat i fylket. Litt knekking og tøying på rygg og hofte og eg kunne forlate kontoret som ein ungfole, iallfall nesten.

Jan Erik vil i sommar arbeide i Førde og Florø og er det nok pågang vil han også sette opp timar i Eikefjord. Han har transportabel benk som han kan benytte her i Eikefjorden.
Naprapati går ut på å korrigere årsak til smerte. Enten det er skjelettet som er ut av stille eller det er musklaturen som er årsak til problemene kan Jan Erik hjelpe. Han kan også gi gode råd til øvelser slik at du kan unngå problem i framtida.

Les også i Firdaposten torsdag 23 juni.
Jan Erik treff du på telefon 91 57 49 47 eller på [email protected].

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2