Denne sesongen skulle bli det internasjonale gjennombrotet for Jørn Høyset. Han var i storform etter VM og var kvalifisert for World Games. I staden har Jørn fått konstatert tre prolapsar i ryggen og er ute for sesongen.

Det er heilt utatteleg, seier ein skuffa Jørn til Firdaposten. Eg kjende litt i ryggen før eg reiste til VM i fjor. Da eg skulle løfte ei stong for å rette opp eit stativ, kjende eg at noko skjedde i ryggen. Rett før jul kjende eg det på nytt etter nokre uheldige knebøyløft. Eg gjekk til behandling hos kiropraktor og tok til å trene til NM. Etter ein månad var det heilt stopp, seier Jørn vidare.
Ein lokal trenar har lenge sagt at han synst at Jørn har løfta for mykje med ryggen og er ikkje overraska over at det var i ryggen skaden kom, men Jørn er så godt trena at han kjem nok fort tilbake.
Les meir i papirutgåva av Firdaposten.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2