ImageNikoline Liset og Steffen Knutsen var paret alle hadde møtt opp på Allhuset for i sjå i kveld. Begge to fint kledd i bunad og Nikoline hadde til og med krone på. Njål stilte med hest og kjerre, Kolbjørn med fele og vår Herre heldt eit opphold i regnveiret. Så ramma rundt starten av jonsokfeiringa var den aller beste på Allhuset i kveld.

Det var rundt hundre som var innom Allhuset og smakte på god rømmegraut med spekemat og kaffi og heimebaka kaker. Det var Sunnarvik Sanitetslag som hadde tilstellinga til inntekt for gatelys til Sunnarvik. Dei finansierte nok eit par lyspunkt denne kvelden.
ImageSeinare på kvelden trakk dei fleste bort til stranda der det var laga bål. Grillen var tent og telt var sett opp i tilfelle det skulle komme regn. Dei yngste kom seg ein liten tur ut i vatnet og etterpå var det godt å ha bålet å varme seg ved. Dei aller fleste heldt seg på land, grilla og preika med naboar. Alt var kjempekoseleg helt til ei regnbyge tømde stranda, og tilbake stod arrangørane og et dei siste restane av kakene.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2