Image
Foto: OAEnd

Mange forventningsfulle barn og foreldre hadde funne vegen til Allhuset i ettermiddag. Kl 4 spelte Skulemusikken julesanger og grana vart tent. Nokre få tonar ut i sangen og første ringen rundt julegrana var full.

 

Så var det berre å kose seg i finveiret i Eikefjord denne ettermiddagen. Skulemusikken følgte opp med fleire sanger under ledelse av den nye dirigenten, Fay Løvseth.

Image
Foto: OAEnd

Etter seremonien ute trekte folk inn i Allhuset der det var julemesse. Her var alt frå pynt og brukskunst til klær og mat. Det var så mange utstillarar i år at nokre måtte stå i gangen, der fant vi også Grendalaget med neste års kalender.
Sjølvsagt kunne ein også kjøpe seg kaffi og kaker. Til og med rømmegraut stod på menyen så her trengte man ikkje gå svoltne heim.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2