No i jakttida kjem den vanlege konflikta mellom turgåar og jeger fram igjen som den gjer kvart år. Jegerane legg jaget sitt i vanlege turområde og turgåarar rotar seg inn i jaktområde.

Lova er grei, det er fri ferdsel i utmarka så det er ingen som kan nekte deg å gå tur. Det er likevel lov å vise hensyn til jakta og legge turen til område der det ikkje er organisert jakt. Eit slik område er vegen til Eikefjordstøylen og Hovlandstøylen. Stien til Eikefjordstøylen og vidare til Hovlandstøylen er godt merka og ein fin kveldstur. Turen til Hovlandstøylen følger traktorvegen oppover og er også ein fin tur.

Jegerane bør også vise hensyn. Dei er så pass lokalkjende at dei fint kan legge jaga utanfor merka løyper. Dei veit godt korleis hjorten trekker i forskjellig vindretning og kan flytte vaktpostane slik at turfolket også kan ferdast i terrenget.
Er dette umuleg bør turfolk få advarsel om at det pågår jakt med anmodning om å ta ein annan tur denne dagen. Å få beskjed om å snu like før målet er å be om problem.
Les også papirutgåva av Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2