Etter ei heller ufyseleg veke med tungt snøfall og lav skodde, var det befriande på nytt å kunne helse våren velkommen. Skinande sol og ein mild vårvind laga såleis ei fin ramme kring Koriander sin korkafe sundag ettermiddag.

Denne gongen var det Steinhovdenkoret sin tur til å vitje Eikefjord. Og under leiing av Marit Høyvik gledde dei glade songarane ein fullsett sal med ein vårbukkett av vakre melodiar.

Men dei som kanskje gledde kafegjestene mest, var det nystarta barnekoret i Eikefjord. Etter berre nokre få øvingar kunne dei allereie varte opp med kjende og kjære vårsongar. Leiar for barenkoret er Gunvor Hilersøy og koret er eit tilbod til born frå tredje til sjuande klasse. Så det spirer og gror godt på musikkfronten i Eikefjord for tida.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2