Sjøhuset og dartklubben i Eikefjord, BULL1 var i kveld vertskap for over 20 dartspelarar som kjempa om Kretsmestertittelen i EL-dart. Dei tilreisande skryt over arrangementet og synst det er kjekt å komme til Eikefjord.

Mesterskapet hadde mange tette og spennande duellar og formann i Kretsen rosa dei mange talenta og håper at mange ville fortsette å trene.
I mesterskapet var det Monica K. Leversund av eikefjordingane som gjorde det best då ho vart kretsmester. I herreklassen var det Jonny Leversund som var best av eikefjordingane med ein 6. plass. Kjell Agledal fekk også premie for beste utgang. Han klarte 157 poeng på dei 3 siste pilene der den siste pila må treffe den smale ringen som gir dobbelpoeng.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2