Mette Hammersland frå Fotaballforbundet og ordførar Bente Frøyen Steindal stod for den offisielle opninga av kunstgrasbana i ettermiddag saman med leiar i idrettslaget Trine Tønnesen og 620 tilkodarar.

Fotballkampen vant Sogndal 6-0, men eit toppa Sogndalslag fekk god motstand i første omgang. Målet før pause blei skåra av Håvard Flo allereie etter 6 min. I andre omgang datt kvaliteten grunna mange bytte og Sunnfjordlaget hadde mange ungdommar på bana. Av eikefjordingane spelte Tor Erik Agledal back og klarte seg godt. Odd Magne Øren spelte sentral midtbane og klarte seg godt så lenge kreftene heldt. Mykje av spelet vart forsvarskamp, men Torstein Grytten på topp og Ole Martin Sunnarvik på vingen må få godkjent kamp. Børge Langedal vart sett innpå 15 min som back, uvant rolle men klarte seg ok. Også Øyvind Svardal som fekk vokte målet i 10 min klarte seg godt med eit par gode redninger.
Alt i alt ei oppleving for dei spelarane som fekk vere med å spele fotball på det nivået.

Pauseunderholdninga med Idol-Tone stod til forventningane. Mykje kjekkare å høyre henne live enn å sjå henne på TV, seier Andres Ole Sunnarvik. Vi må også gi honør til alle dei som hjelper til for å få eit slikt arrangement i havn, fortset han.
Brannvesenet sette også farge på pausa med eit skikkeleg fyrverkeri

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2