ImageMinne frå gamle dager dukka opp i Inste Hovlandselva. Innfeldt i det store bildet er ein av bunnstokkane i vassrenna til ei av kvernene på Hovland.

Etter at Vegvesenet la overvatnet langs riksvegen i stikkrenne inn til elva, og i tillegg forandra litt på vegen til Hågane, har elva tatt eit litt anna løp en tidlegare. Bjarne Hovland har lagt merke til at elva har greve fram ein stokk og til slutt lagt den helt fram på hammaren nedanfor huset hans. Han meiner dette må vere ein av bunnstokkane i vassrenna og at den må ha lege i elva sidan 1700 talet. Noko av grunnmuren til kverna står endå ovanfor huset til Gudrun Hovland, men all tømmer og kvennsteinar er vekk. Nokre få av taksteinane ligg endå ovanfor der kverna stod.
Kverna var i bruk godt inn på 1900 talet, men etter krigen var den mest brukt til å søke ly under når det regna som verst.
NB! Bildet er manipulert og kverna vist er ikkje den som stod på desse grunnmurane

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2