Like før jul vart lysekruna i kyrkja sendt til Hestenesøyra for vøling. Nils Håkon Skeistrand som stod for arbeidet kan fortelje følgande om kruna: Dette er ei nydeleg gamal krune i 2 høgder. Ho er laga i messing og heilt sikkert i Tyskland - dette p.g.a. ørna som sit i toppen av kruna, men ein kan også sjå det på resten av arbeidet. Kruna er laga før 1805, eller i alle fall tidleg på 1800-tallet. Det ser vi på gjengane til lysholdarane. Dei er ikkje maskingjenger, men grove handlaga gjenger.

Dei er ikkje maskingjenger, men grove handlaga gjenger.
Arbeidet har bestått i å skifte ut alle lysarmane på heile kruna og å pusse henne att med maskin. Det vart understreka at det er viktig når ein set inn lysa at ein held imot under. På den måten vil lyshaldarane halde seg på plass og vare i fleire hundre år. Arbeidet med lysekruna er finansiert ved gåver frå kyskjelyden.
I boka "På kyrkjeferd i sogn og Fjordane" står det at lysekruna er frå 1700-talet. Ut frå det dei seier på Hestenesøyra, kan dette stemme. Kyrkja vart som kjent bygd i 1812. Ein må difor spørje seg om kvar kruna dom ifrå, om den var kjøpt inn frå ei anna kyrkje eller ein storgard. Dette var ei tid med mykje kyrkjebygging og mykje kyrkjeinnventar vart laga og handla med, men kvar kruna kjem ifrå og når ho kom, det veit ein ikkje.

Kilde Kinn Kyrkjeblad

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2