ImageStien til Eikefjord støylen og stien mellom Eikefjord- og Hovlandstøylen er no merka med godt synlege merkeband.
I forbindelse med at Flora Barneskule skal ha skuletur til Eikefjord-støylen og Hovlandstøylen er no stiane merka med rødt fargeband. Stien til Eikefjordstøylen er merka frå rasteplassen og opp lia.

 
Stien mellom støylane er også merka. Den som er merka med rødt fargeband går litt lengre nede i skogen enn den løypa som er merka med orange spraymåling. På stien merka med rødt fargeband slepp ein å gå den skåra som mange synst er litt ekkel å gå i. Ein av lærarane på Flora Folkeskule hadde ikkje lyst til å ta med seg 200 elevar i den skåra så no er det merka ei alternativ rute forbi denne staden. Ruta merka med orange spraymåling er den raskaste stien mellom støylane.
Det er Focus Elektro i Florø som har sponsa merkeband.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2