ImageDet er mange som er kritiske til kvaliteten på muren mot sjøen som Mesta lager frå Bakkebua og sørover. Muren er ujevn og ser ut som ei røys og er ikkje av ein slik kvalitet som eikefjordingane hadde venta.
Maskinkøyraren slit med for dårleg murstein, i tillegg er floa slik at han må mure på sein kveldstid og dermed i dårleg lys. Når vi ser dei fine murane som er laga på RV5 veit vi at han kan mykje bedre berre forholda ligg til rette for det.

Grendalaget har sett fokus på saka og vil ta dette opp på møte søndag. Lars Terje Standal som er grendalaget sin mann i prosjektet seier Mesta er einig i at dette ikkje er bra nok. Dei skal ha møte neste veke for å prøve å finne ei løysing. Han seier vidare at den muren som er laga er for bratt i høve til tegningane og at han skal gjere sitt til at dette skal bli finare.
Dei eikefjordingane som eikefjord.net har snakka med forlanger at murane blir tatt igjen slik at det vert eit anlegg vi kan være stolte av og ikkje ei røys vi helst vil gøyme. Blir det sjåande slik ut på badeplassen vil det bli direkte farleg å ha ungane med på badetur.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2