ImageSøndagen innviterte Fotballgruppa i EIL Svelgen, Florø og Naustdal til fotballfest på stadion. 47 miniputt lag spelte 5-ar fotball på grasmatta i alt frå høljande regnveir til eit lite solglimt.

Vel 350 aktive var med og kampane vart avvikla på 5 små baner på grasmatta som ut på ettermiddagen var ganske brun. Med så små baner vart det mange skåringar og mykje jubel både av spelarane og horden av foreldre som var med.
Kl 11 presis starta første kampane. Kvar kamp varde 12 minuttar og vart avvikla utan pause. 3 minuttar til å bytte lag og så var det nye 12 minuttar med max innsats. På denne måten kunne nesten 100 kampar avviklast fram til kl 16 då turneringa var ferdig. I tillegg til dei aktive spelarane var det heile 15 dommarar på plass. Flesteparten frå småguttelag og guttelag, men også jenter, nokre unge A-lagsspelarar og to velvaksne på 50+ var på plass. No har eg dømt kampar i 3 timar i strekk, seier Hans Erik Hopen, og det er berre moro. Også leiinga for turneringa skryt av dommarane. Kjekt at dei unge er med og gjer dette muleg, seier leiar i Idrettslaget Trine Tønnesen. Dei to andre gjer ein god jobb også legg ho til. Einaste minuset er sjølvsagt regnet idag og parkeringsproblematikken. Vi må gjere noko med parkering på stadion. Slik det er idag må dei parkere helt frå krysset i Kalvika og langt innover Hovland.
Vinnaren av ei slik storturnering er ikkje vanskeleg å kåre, det er alle dei 350 aktive som fekk fin diplom for godt spel.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2