ImageStrålande vakkert vårvêr , og den reine folkevandring mot Eikefjord skule. Kva som skjer? Tja, det skjer ikkje så mykje akkurat. Men i kveld, torsdag 28.april, har elevane ved skulen utstilling av arbeid frå kunst og handverkstimane gjennom skuleåret. I kveld skal dei vise fram for alle interesserte at det har skjedd ein god del gjennom året

For dei driftige foreldra i FAU (foreldrearbeidsutvalet), og for lærarane ved skulen var det inga overrasking at interessa for utstillinga var stor. Jamnt over er foreldregruppa ved skulen veldig flinke å stille opp, så også i kveld.
FAU har gjort klart for servering av kaffi, saft og heimebakst i gymsalen. men det er ikkje dit folk legg vegen først.

Dei yngre elevane spring forventningsfulle , og får nesten ikkje sine vaksne fort nok på plass for å vise dei SINE bilete, sy- eller spikkearbeid eller kva det no er dei har vore meister for.

Dei ikkje så små elevane framstår som rolegare og meir avslappa til det heile. Men tvil ikkje på at dei er spente dei også. Det er veldig kjekt å få syne fram det ein har laga, til dei ein er gladast i. Og det er nesten litt skummelt at såå mange andre også kjem og vil sjå.

Brått vert det slik at ein kjenner seg som del av klassen sin. Korleis framstår VI? Har vi arbeidd godt nok i KHV-timane? Og ikkje minst … har vi vore flinke nok i dag … er utstillinga vår fin nok? Eller kjem alle til å synast at klassen ved sida av har gjort det finare?

Sanningas augneblink er det, og den kan vere både god og vond. Men etter dei blide og glade andleta å dømme, kom alle vel frå det. Her kom ein til sine eigne og vart vel motteken. Og vel fortent var det også.
Dei fleste tok turen innom alle klassane sine utstillingar, før dei la vegen til gymsalen og serveringa. I gymsalen venta også det som vart kvelden sitt høgdepunkt. Og sjølv om kakene som vanleg var nydelege, så var det ikke dei som gjorde størst lukke.

6.klasse har i ein periode i vinter og vår arbeidd med design, så dei hadde gjort klar til mannekengoppvisning. Sondre Tonheim hadde teke på seg jobben som konferansier for kvelden, og han imponerte stort. Hadde lydanlegget vore like godt som guten så hadde opplevinga vorte endå større for oss alle.
ImageLitt prega av stundas alvor var han i starten, men han losa både forsamlinga i fullsett gymsal og klassekameratane sine gjennom det heile på ein framifrå måte. Designplagga varierte frå ballkjole til solskjerm og fotballskjorte, men alt vart synt fram på ein måte som skapte meir humør og glede enn eit profesjonelt modellsirkus kunne ha greidd. Klassen skal ha ros både for arbeidet sitt gjennom skuleåret, og for måten dei stod fram på denne kvelden – det var flott.

Vel fortent ros fekk også KHV lærarane Åshild Bø og Irene Knapstad, som konferansieren høgtideleg takka for god hjelp og inspirasjon i arbeidet.
Så var det kaffi, kaker og drøs, og gjerne endå ein liten tur innom alt det fine som var utstilt før det var tid for å ta kvelden.

Det er no ganske mange år sidan Eikefjord skule har laga til større utstillingar av elevarbeid. Med erfaringane frå denne kvelden, skal det godt gjerast om ikkje det vert eit ”krav” om at dette MÅ vi prøve å få til å verte ein årviss tradisjon. Det gjer godt å samlast og gjere noko i lag, og dette var konstruktivt i ordets rette meining.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2