Sida til skulen er oppdatert med direktenummer på dei diverse linjene inn til skulen. Det er også lagt ut møtereferat frå FAU

M ø t e b o k

 

For

 

F A U

 

 

Torsdag 31.03.05 kl. 19.00 vart møte halde på naturfagrommet på Eikefjord skule.

Til stades: Arna Hopen, Nina H. Liseth, Anne Margrethe Øren, Vigdis Foss, Ann Cathrine Øren, Marlyn Tonheim, Sølvi Langedal Ness, Trine Tønnesen, Bodil H. Øren, Ingunn Bergheim Aa og Wenche Sandvik.

Frå skuleadministrasjonen møtte Torleik Stegande og Aslaug Kvamsås Aa.

Forfall: Jan Telstø, Per Endestad, Anita Løkkebø, Trond Heimseth, Ole Johnny Lid, Anne- Marie Svardal, Idar Øren, Anders Tyvold og Jan Osa.

Møteleiar: Arna Hopen.

Møteboka for møtet 18.01.05 vart godkjent slik den ligg føre.

Saker til handsaming:

Sak 5/05 Utviklingsplan 2005 – 2006

Aslaug Kvamsås Aa informerte: utdanningsdirektøren hjå Fylkesmannen skal ha ein utviklingsplan frå kvar skule for kvart skuleår. Vi fekk sjå lysark, og dette er utviklingstiltaka som EBU vil ha på sin plan for 2005-2006:

Satsingsområda innan overordna utviklingstiltak:

•  Olweusprogrammet (hatt i 4-5 år)
•  Læringsmiljøet (hatt i 2-3 år)
•  Fysisk aktivitet og måltid i skulen (hatt i 1 år)
•  L 2006 (Læreplan 2006) (nytt)

Satsingsområda innan faglege utviklingstiltak:

•  Lese- og skriveopplæringa (hatt i 2-3 år)
•  Matematikkopplæringa (nytt)

Innspel til skuleleiinga: at foreldre til vanleg får informasjon om læreplanen som gjeld, og no får informasjon om den nye læreplanen. Dette mellom anna for at foreldra skal kunne verte meir medvitne om kva ansvar dei har og at meir kunnskap hjå foreldra kan gjere samarbeidet heim – skule betre.

For at FAU skulle få vite meir om planleggingssystemet på skulen, synte inspektøren og årsplanen for 2004/2005. Dette er den same som alle foreldra har fått tidlegare. Denne er bygd på tiltak frå utviklingsplanen (nemnt ovanfor), som vert brotne ned til handlingar og plassert i årsplanen. Denne planen er ein aktivitetsplan og eit arbeidsdokument som tidfestar handlingane.

Det vert òg laga ein handlingsplan som følgjer budsjettåret og som kommunen skal godkjenne.

I tillegg har skulen ein ekskursjon- og prosjektplan som syner kva dei ulike klassetrinna pleier å gjere i løpet av skuleåret, og som er tilpassa L97. Her peika inspektøren på at det i skuleåret 2005-2006 skal vere fokus på lokalhistorie i ei veke i november.

Sak 6/05 Læreplan 2006

Aslaug Kvamsås Aa synte lysark med informasjon om korleis basiskunnskapane å kunne uttrykke seg munnleg, å kunne lese, å kunne rekne, å kunne uttrykke seg skriftleg, å kunne bruke digitale verktøy kjem til syne i kroppsøvingsfaget. Ho synte òg kompetansemåla som omfattar det elevane skal kunne etter 4., 7. og 10. klasse.

Noko av det nye i L2006 er at det ikkje står kva elevane skal gjere på kvart klassetrinn. I staden er det forslag om å innføre kompetansemål, altså kva elevane skal kunne etter 4. klasse, etter 7. klasse og etter 10. klasse.

Innspel til skuleleiinga: forslag om at det vert fast opplegg med opplæring i førstehjelp.

Aslaug svarte at dette ligg inne i læreplanen.

Vidare fekk vi sjå ”forslag til fag- og timefordeling som vedlegg til høringsbrev av 15.02.05” på lysark. Dette finn du på htt p ://www.utdanningsdirektoratet.no/dav/3868D44344.pdf

Notene til dei ymse faga gjev ein del informasjon, og dei er tekne med her:

Det kan vere verd å merke seg at eit skuleår er på 38 veker.

1 Fastsatt timetallsøkning (Rundskriv F-07-04) for småskoletrinnet skoleåret 2004-05 er lagt inn med 190 timer fordelt på 114 timer norsk og 76 timer matematikk. Innst.S. nr. 268 (2003-2004), jf St.meld. nr. 30 Kultur for læring, går inn for ytterligere timetallsøkning med 152 timer fra skoleåret 2005-06. Denne er lagt inn i tabellen med forslag om 38 timer på hvert av fagene matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag.

2 KRL, kunst og håndverk, naturfag og samfunnsfag er redusert på ungdomstrinnet og tilsvarende styrket på barnetrinnet.

3 Naturfag er brukt som betegnelse fordi det er et gjennomgående fag i hele grunnopplæringen.

4 Engelsk er redusert med 38 timer på ungdomstrinnet og styrket med 76 timer på barnetrinnet.

5 Tilvalgsfag går ut og erstattes med 2.fremmedspråk på ungdomstrinnet.

6 Frie aktiviteter på småskoletrinnet går ut. Timene brukes til å styrke kroppsøving, KRL, engelsk og kunst og håndverk på barnetrinnet.

7 Minstetimetall til programfag på ungdomstrinnet er fastsatt nasjonalt.

8 Skolens og elevenes valg går ut på både barne- og ungdomstrinnet.

Programfag er eit fag der elevane får innblikk i den vidaregåande opplæringa og hjelp til å velje det som er rett for kvar einskild.

Etter at denne informasjonen var gjeven vart det ein debatt om praksis ved EBU når det gjeld den delen av 1. klasse som omfattar sosialisering. Det kom mellom anna innspel om at eit av argumenta for at 6-åringane skulle byrje på skulen var at dei skulle få ein mjuk overgang frå barnehage til skule og at 1. klasse skulle nyttast til sosialisering av elevane. Dette meinte ein at skulen no hadde gått vekk frå.

FAU-leiar stilte spørsmål om korleis vi foreldre kan påverke læreplanen.

Svar: gå inn på ”høringsuttalelse” som ligg på nett : http://skolenettet.no/laereplane r /login_lp.aspx?id=10723&scope=Scop e LaerAns&epslanguage=NO

Høyringsperioden varer i 12 veker frå den 15.02.05.

Sak 7/05 Kunstkafè i gymsalen 280405 kl. 18.00 – 20.00

På vegne av FAU hadde Arna Hopen sagt ja til at vi organiserer kafèen. Vi vart einige om følgjande arbeidsdeling:

1. – 4. klasse baker kake (som kan etast med fingrane)
5. – 7. klasse ordnar til og ryddar opp
8. – 10. klasse står for salet i kafèen

Klassekontaktane syter for nærare fordeling av oppgåver

Marlyn Tonheim syter for at informasjon kjem på eikefjord.net og i Firdaposten sin kulturkalender.

Sak 8/05 Telefon på skulen

Det var kome reaksjonar på at det til tider kan vere vanskeleg å få telefonkontakt med skulen. Rektor informerte om at telefonanlegget har 8 linjer, og at innkomne telefonar automatisk vert kopla vidare til alle apparat. Han sa vidare at dei kunne ordne med telefonsvarar.

Det var ynskje om at opplysningar om dei ulike direktenummera og e-postadressa til skulen vart gitt til alle foreldra, og at nettsidene til skulen på eikefjord.net vert oppdatert med direktenummer.

Telefonnummer til Eikefjord barne- og ungdomsskule:

•  forkontor 57 75 62 60
•  telefaks 57 75 62 61
•  rektor 57 75 62 62
•  inspektør 57 75 62 63
•  rådgjevar 57 75 62 64
•  matr.rom 57 75 62 65
•  lærarrom 57 75 62 66
•  vaktmeistar 57 75 62 67
•  nybygg 57 75 62 68

e-post: [email protected]

Sak 9/05 Prosjekt Fysisk aktivitet og måltid i skulen

Rektor informerte: Status når det gjeld kantina er at kommunen har gjeve løyve til å plassere barakkene så sant skulen innfrir kommunen sine krav.

Trine Tønnesen informerte: Vaktmeiser har fått melding om at det er klart for hogging av trær no før helga. Det er planar om å starte gravinga i helga.

Rektor informerte vidare om at det skal vere eit møte på Torvmyrane skulen torsdag 21. april der prosjektkoordinator frå Fylkesmannen kjem. Her vil dei tre skulane i Flora som tek del i prosjektet utveksle erfaringar. Rektor uttrykte ynskje om at prosjektkomitèen ved EBU møter mannsterkt til dette møtet.

Det er vidare sendt søknad om midlar for neste år.

Sak 10/05 Storforeldremøte – tema

Det kom innspel om at ein utsette storforeldremøte til hausten. Dette vart grunngjeve med at det no vert jobba både med kantine og kunstkafè. Det kom heller ikkje forslag om tema som var aktuelle på eit vårmøte. Vi legg difor storforeldremøte denne våren på is, men må byrje å tenkje på møtet til hausten allereie no.

Klassekontaktane vart oppmoda om å ta dette opp på foreldremøta no i vår.

Sak 11/05 Eventuelt

•  Handhygiene . Det var uttrykt misnøye med at elevane ikkje hadde god nok handhygiene, og at det stadig mangla såpe og papir. Til dette vart det svara at reinhaldspersonalet gjorde ein framifrå jobb med å fylle på såpe og papir, men at elevane tømte desse med vilje. Forslag om å kjøpe inn dei nye spritdispensarane som no vert tekne i bruk i helsevesenet, men dette vart ikkje vedtatt.

•  Unionsoppløysing 7.-11.juni. Skulen har enno ikkje konkrete planar.

•  Fjellturar. Kan knyte fjellturar til tema lokalhistorie, som det skal jobbast meir med i skulen si prosjektveke til hausten. Undersøkje om det finst foreldre eller andre som kan fortelje litt om livet på støylane.

•  Prosjektmidlar avsett til utviding av Eikefjord skule. Rektor hadde snakka med ein politikar frå Eikefjord, og det var ikkje sett av konkrete midlar til utviding av Eikefjord skule. FAU vil prøve å setje fokus på saka, då skulen har særs dårlege romtilhøve. Dette bør skje før junimøtet i bystyret.

•  Bispevisitas. Rektor kunne informere om at det vert gudsteneste kl. 9.30 fredag 15. april, og han oppmoda foreldra om å kome.

•  Fjelltur. Forslag om at FAU inviterer alle foreldre og born til ein fjelltur i høve Friluftslivets år. Ikkje anna organisering enn felles starttidspunkt. Tid og dato kjem vi tilbake til når turgruppa til idrettslaget har hatt møte og fått fastsett sine turar.

 

 

Møtet slutt kl 21.40

Marlyn Tonheim

referent

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2