Møtereferat FAU

M ø t e b o k

 

For

 

F A U

 

 

Møte 15.09.05. kl. 20.00 på rom 9 Eikefjord Skule.

Til stades: Leni Humlestøl, Geir Magne Øyra, Jan Telsø, Janne Tonheim, Kjell Humlestøl, Vigdis Foss, Anne Cathrine Øren, Marlyn Tonheim, Per Øyvind Sørbø, Trine Tønnesen, Anita Nybø, Ole Johnny Lid, Idar Øren, Ingunn Bergheim , Arna Hopen og Aslaug Kvamsås Aa.

Forfall: Nina Hovland, Oddvar Endestad og Nina Løkkebø.

Møteboka for møtet 25.04.05. vart godkjent slik den ligg føre.


SAK 16/05 Årsplan 2005/2006.

Aslaug Kvamsås As orienterte om årsplanen som går i 6 bolkar på 6 veker fordi vi ikkje lenger har vekestimetall men års timetall. Det vert ikkje symjing for ungdomskuletrinnet (8-10kl.) i år då dette har vore vanskeleg å gjennomføre, grunna manglande badekle og motvilje frå elevane om bruk av badehette. Det er ny læreplan 2006 dette skal haldast kurs/møte om våren 2006.

 

SAK 17/05 EIKEFJORD SKULE – KARTELEGGING AV UTBYGGINGBEHOV.

SAK 033/05 i kultur og oppvekst.

Arna Hopen orienterte at kultur og oppvekst har på på møte 14.06.05.oppnevnt følgande politikar i nemda for kartlegging av utbyggingsbehov av Eikefjord skule: Magne Solheim Olsen, Odd Stubbhaug, Roald Leivestad og Kaia Hjorthol, Rådmann Aners J. Moen skal vere sekretær i gruppa.. I referansegruppa frå Eikefjorden er Torleik Stegane, Per Øyvind Sørbø og Arna Hopen. Forslag om at Arna Hopen kan fortsette, å sitte som representant frå FAU, vart samrøystes vedtatt. Nemnda for "Aksjon Skule 2007" engasjerte arkitetkt Hareide. til å komme med eit forslag til utbygging, dette meinte nemnda dei trengde for å få litt tyngde i saka når ho skulle leggast fram for politikarane - og det lukkast. Dette arbeidet kosta ca. kr. 7000,-. Forslag om at FAU dekka kr. 2000,- samrøystes vedtatt.

 

SAK 18/05 Prosjekt Fysisk aktivitet og måltid i skulen.

Trine Tønnesen orienterte om framdrift brakke. Ramme til å sette brakke på skal snikrast 24.09.05. kl.11.00. Ottar Akselsen og Eivin Øren kjøper inn materiale og utfører dugnad i lag med Ole Johnny Lid og Dag Nybø. Solvang låner bil med kran som kan løfte brakka på plass seinare. Trine vil då organisere dugnad med foreldra for arbeid innvendig.

Aslaug Kvamsås Aa orienterte om at det er pengar igjenn frå i fjord som er øyremerka brakke. Dei har motatt kr. 11.000,- for prosjektet i år. Rektor er misfornøgd med fordling av midlane og vil klage på dette.

 

SAK 19/05 LOKALHISTORISK VEKE.

Aslaug Kvamsås Aa orientert om at dei var på jakt etter kilder blant eldre som kunne interjuvast av elevane. Det skulle utarbeidast plan for klassane/skulen om laging av veggavis/hefte og lignende. Forslag om at ein kunne ta kontakt med pensjonistlagt, reise på synfaring på støylar,sager,buer eller bake flatbrød på skulen.

 

SAK 20/05 VAL AV NYTT STYRE I FAU.

 

Leiar: ingen som var på møtet var villig til å ta på seg vervet. Det vart vedtatt nytt møte 27.09.05. kl. 19.00.

Nestleiar: Marlyn Tonheim.

Sekretær: Ingunn Bergheim.

 

SAK 21/05

Evaluering Storforeldremøte 05.09.05.

Positive tilbakemeldingar om møte og at Svardal var i timane med elevane. Overskudd frå inngangsbillett var kr. 1040,-. Svardal skal ha dekka reise og arbeidstid. Forslag om at FAU dekka kr. 3000,- av desse kostnadane. Einstemmig vedtatt.

Vær røykfri.

Spørsmål om skulen tok opp dette. Aslaug orinterte om at dette vart fokusert på ute i dei enkelte klassane (med informasjon, kontrakter o.l) av lærarne.

Telefonsvarar på skulen.

Arna etterlyser telefonsvarar på skulen då denne ikkje er på plass og det endå er vanskeleg å få kontakt. Viser til tidlegare vedtak i FAU . Det er ansatt kontormedarbeidar i halv stilling men utanom denne tida er det ikkje fast bemanning på kontoret.

 

Møte slutt kl. 22.00.

Ingunn Bergheim
sekretær

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2