I seks tida ino i ettermiddag sette 9 robåtar stemnen ut fjorden. Det er motvind og straum imot så her skal dei friske eikefjordingane få noko å bryne seg på. Første kvile er i Fjellvika der Audvin og Haldis ventar med kaffi og svele. Så går turen vidare til Grønenga der hjortegyte venter.

I morgon tidleg etter ein god frukost går turen vidare til indre havnebasseng i Florø med annkomst ca kl 11. Der skal båtane være med å markere Unionsoppløysinga for 100 år sidan. Mange av dei som er ombord har henta fram gamle klede og vil også være med i opptoget i byen. Det skal også plukkast ut ein båt som skal være med på kapproinga i morgon.
Men først må vi klare å komme oss ut fjorden uten såre ender og vannblemmer i hendene.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2