ImageSamferdselsminister Torild Skogsholm stod for den offisielle opninga av RV5 mellom Svarthumle og Brandsøy i dag kl 12.08. Kva skal vi med sol når vi har ei skinande gul midtstripe som lyser opp, sa Torill Skogsholm i opningstalen på ein regnfull dag i Eikefjord.

3-400 hadde tatt turen til Eikefjord og rasteplassen i dag. Endeleg er vegen offisielt opna. No kan vi gøyme minner om Ramsdalsheia, Sundefjellet og alle dei andre flaskehalsane langt bak i minnet. Brigt Samdal, som hadde tatt turen helt frå Afrika, leda arrangementet frå scena som var bygd opp på rasteplassen. Først underholdning og prat med diverse gjester før det offisielle opningsarrangementet tok til.
Ordførar i Florø, Bente Frøyen Steindal hevda at heile Riksveg 5 ikkje var ferdig før Markegata i Florø var ferdig opprusta.
Fylkesordførar Nils R. Sandal la vekt på kor viktig denne vegen er for utviklinga i regionen og heile fylket.
Vegsjef Ole Kristian Torp oppsummerte kort dei tekniske detaljene rundt vegbygginga. Han var ikkje heilt fornøgd med at det hadde vore eit uhell der det hadde vore fråvær på dei rundt 400 000 arbeidstimane som har gått med til å bygge vegen, men resultatet var fint. Han trakk også fram det gode samarbeidet som Vegvesenet har hatt med Flora Kommune.
Samferdselsminister Torild Skogsholm opna med at ho får mange spørsmål om ho har slekt i Eikefjord. Dette må ho benekte, men ho har fått mange gode vener her. Det andre spørsmålet er kvifor det alltid er stygt veir. Kva skal vi med sol når vi har slik ei gul lysande midtstripe svara ho idag og mimra litt tilbake på den første vegopninga som ho var med på i minus 12 grader. Ho huska spesielt godt barnesangen som varma heilt inn i hjerterota og spørsmålet ho stilte om det var varmeapparat i veteranbilen dei kjørde med. Ellers ønskte ho alle brukarane lykke til med vegen.
Eikefjord.net vil oppdatere med linker til dei forskjellige media seinare.

Les også i Firda.no, BT, NRK S&Fj,

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2