I går var A-laget i Selje der dei tapte fortjent 4 - 2. Begredelege greier seire trener Tore Agledal, men legg til at starten av andre omgang var god.

Eikefjord starta elendig og etter 10 min hadde Selje to mål. Eit langskudd frå 35 meter forandrer retning på sekstenmeteren og går i mål. Det andre var eit innlegg som blir heada i mål uten at eikefjordingane legg press på nokon av aktørane. Etter desse to vakna Eikefjord og i det 26. min. står det 2-1 etter sjølvmål. Godt press gjer at forsvaret header bakover og i eige mål.
2. omgang opna med glimrande Eikefjord spel. Det er presise passningar, godt kantspel og gode innlegg. Etter 26. min skårer Erik Ove Sunndal og alt ser lovande ut. Så skrur nokon av den berømte brytaren. Eikefjordingane sluttar å jobbe og let Selje overta. I det 68.min får dei straffe etter at Eikefjord misser ballen på midtbana. og i det 80. min slår dei eit innlegg som blir heada i mål.
Selje var ikkje noko godt lag, men dei ville vinne og vant fortjent seier Tore.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2