Sirkeltreningane som vart meget populære frå nyttår og utover i fjor er igang. Tirsdag kl 20 og fredag kl 19 er det full fart. Dette er trening som passer dei fleste. Ein passer sjølv tempoet og tar øvingane i det tempoet ein sjølv vil.

Tirsdags kveld var det nesten fult på heile runda, men blir det mange kan fleire gå saman så det er lenge før det blir plassproblem i gymnsalen.

Torsdagane har Friidrettsgruppa spenst og koordinasjons-trenning. Denne treninga er også andre velkommen til. Her er pulsen lavare, men innsatsen er høg når vi først beveger på oss.

Så det er berre å få på seg treningstøyet og ta ein tur inn på skulen for å få seg litt trim.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2