ImageMange hadde funne vegen til Humlestøl denne søndagen. Kl 12 var det Gudstjeneste ved Odd Stubhaug og etterpå samla alle seg i Skihuset for å få seg ein matbit før konkurransane starta i skibakken.

I skibakken var det mykje moro. Her var det laga til akebakke der det blei tatt tid. Svingen nedi bakken var litt trøblete og mange klarte ikkje å få med seg farten ut på langsida til mål. Av og til tok kjelken heilt kontroll og ville ikkje vidare.

I 10 meters bakken var sveva høge og lange. Stilartane var alt frå nesten Bokløv til opptrekksstil, men her var det kun ein ting som var tellande - å komme seg lengst ned i bakken med eller utan fall.

Heile tida mens andre aktivitetar pågjekk var det også rebusløp i løypetraseen, mest alle hadde seg ei runde her og dei fleste klarte å svare på spørsmåla som var sett opp på lyktestolpar undervegs.

Dette var også avrunding av årets skisesong på Humlestølen. Det er berre å ta av seg hatten og gratulere Skigruppa med nok eit år der dei har klart å finne balansen mellom konkurranse og leik slik at alle føler seg velkomne til skifest heile vinteren.

PS! Løypene på Humlestølen er opne så lenge det er snø - ta deg ein tur og prøv skiene eller akebrettet

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2