Image
Foto: Bjørn Øren

Ein stor stein rasa ned på traktorvegen ved grinda i Hovlandslia. Steinen som sperrar vegen kom ned i ettermiddag mellom kl. 4 og 5. I mørkret var det ikkje muleg å sjå om det ligg fleire lause steinar oppe i lia. Dei som trimmar i området bør være forsiktig og ikkje gå i området etter mørkets frembrudd før det er nærmare undersøkt.

Det var Ola Dagfinn Hovland som først merka steinen. Han reiste oppover på støylen i 4 tida. Når han kom ned igjen i 5 tida låg steinen der. Den har først treft grøfta og deretter hoppa fram på nederste kant av vegen der den laga ei stor hole. Den har så kvelva nedover og spikt eine delen av grinda.
Bjørn Øren var seinare oppover og tok bilde. Eg følte meg ikkje sikker, det kan ligge fleire slike steinar oppe i lia, seier Bjørn.
Dei som brukar dette området og andre bratte områder til turgåing om kvelden bør prøve å finne nye stiar. Med all den nedbøren som har vore i det siste kan nok fleire steinar ligge lause i bratte skråningar

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2