Eikefjord sokneråd og Eikefjord grendalag har i samarbeid tenkt å få til ei ordning der kyrkja kan vere open ei kveldsstund ein gong i veka. Vi ynskjer ei slik ordning for at folk som vil det kan komme i kyrkja og sitje der i ro, tenne eit lys i lysgloben, og kanskje finne litt fred.

Vi treng friviljuge til å drive ordninga. Vi tenkjer oss eit opplegg der ein eller to personar har ansvar for å vere ”nøkkelpersonar” kvar kveld kyrkja er open, 1 ½ eller 2 timar per kveld. Den eller dei ansvarlege må då møte fram og låse opp, vere i kyrkja i opningstida, og så syte for å låse igjen når tida er ute.

Om du vil vere ein av dei som hjelper til, så ta kontakt med soknerådet eller grendalaget. Ordninga er i første omgang tenkt prøvt i ein periode frå jonsok til ut på hausten. Om erfaringane vert gode vonar vi å få til ei fast ordning.

Eikefjord sokneråd / Eikefjord grendalag

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2