Ragnhild Høyset gjer ikkje som eikefjordingar flest når ho skal på jobb i Florø. Ho set seg på sykkelen og trør dei 30 kilometerane frå Sunnarvika og til jobb på sykehuset. Returen går på same vis langs den flotte fjorden.

Ragnhild beregnar seg 1 1/2 time til sykling og dusjing. Etter ein slik tur meiner ho at ho er mykje meir energi til å utføre jobb, og er aldri trøtt på nattevakta. Om morgonen er det berre å sette seg på sykkelen igjen og sykle heim til Sunnarvika. Sjølve turen er ei oppleving, og med ny veg er det ein fryd å sykle, seier Ragnhild til Firdaposten. Somme tider er det ei utfordring med motvind og kulde, men er det motvind ein veg er det som oftast medvind den andre vegen. Ragnhild likar ikkje å sykle i tunellen og syklar derfor gamlevegen forbi Sundefjellet. Denne vegen er i dårleg forfatning og Ragnhild har komme fram på ras slik at ho måtte snu og ta med sykkelen gjennom tunellen. Eg likar ikkje å sylke i tunellen så eg trilla sykkelen, seier ho vidare til Firdaposten.

Les meir i papirutg. av Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2