Yngve G. Havn fekk sølv i kule og bronse i diskos under helgas ungdomsmesterskap i friidrett. Yngve sjølv er misfornøgd med begge resultata og meiner han var god for gull i begge øvelsane. Eg hadde pers i oppvarminga, men vart for nervøs i konkurransen, seier Yngve.

Yngve er den forløpig siste i ei lang rekke med friidrettsutøvarar frå Eikefjord som hevder seg helt i toppen i Norgeseliten. Styrke og anlegg har han til å bli ein ener, men konkurransenervane må under kontroll før han også kan yte maximalt i store mesterskap. Florø T&IF, som Yngve representerer, vil nok passe på å send talentet til mange større stevne slik at Yngve blir vant med store forhold og dermed også prestere i slike stevne.
Troppa frå Sogn og Fjordane gjorde det beste mesterskapet nokonsinne med 26 medaljer herav 5 gull, 13 sølv og 8 bronse.

Les meir på SFFIK

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2