Ungdomsgruppa i skyttarlaget har klart det igjen. Dei gjekk til topps i landskonkurransen i lagskyting for ungdomsskular. Denne gangen var det på 100 m utandørs at dei unge eikefjordingane vant. Skytinga foregjekk på skytebana på Storebru under ledelse av Oddvar Endestad.

Laget klarte heile 747 poeng av 750 og hadde 22 poeng margin til Søndre Land som blei nr. 2. På laget var Hallgeir Aalvik, Eirik Endestad, Stian Hatleseth, Reidun K. Knapstad og Vegard Tonheim.

Også på 15 m innandørs gjorde dei det bra. Her vart det ein 4. plass eit fattig poeng frå 3. plassen og 6 poeng fra seier. På dette laget var Hallgeir Aalvik, Stian Hatleseth, Kjell Martin Kirkbakk, Reidun K. Knapstad og Vegard Tonheim.

Resultat 100 m utandørs, 15 m innandørs

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2