Trimgruppa i Eikefjord Idrettslag vil starte med trimturar i nærmiljøet rundt Eikefjord. Turane vil spesielt være opplagt til at trimmarar i alle aldrar skal kunne bli med. Så møt opp på buss haldeplassen ved skulen onsdag 4. mai kl 17. Her vil Marit Agledal og Maj Britt Fraas orientere om planane og bli med på turen.

I første omgang er det viktigast at ein møtes og finn ein god plass å nyte kaffi og kaker. Marit og Maja vil også dra i gang diskusjon om alternative plasser å legge turane. I gruppa er det diskutert ruter som ut i Havnen, opp til Rasteplassen, opp på Groadalen eller i Ålamarka, men vi vil ha med trimmarane før endeleg tur program blir fastlagt. Håpet er at dette skal verte eit fast innslag på onsdagar der det sosiale skal være like viktig som turen.
For dei som vil ha lengre turar jobbar trimgruppa med merking og rydding av stiar i området frå Knapstadstøylen og utover mot Hovlandstøylen. Her vil stiane både oppe på fjellet og nede i liene bli merkte både med stadnamn og historier knytte til desse.
29. mai vil gruppa arrangere familie tur frå Eikefjord til Knapstadstøylen og vidare opp til Grøneheia og derifrå til Hovlandstøylen. Dette vil være den einaste lenge guida turen som gruppa vil arrangere på denne sida av sommaren. Ut på sein sommaren kan det bli aktuelt med ein bli kjent tur opp til Blånipa.

Vel møtt og ha ein triveleg tur ilag med andre likesinna.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2