ImageUngdomslaget vurderer å selge eller leige ut Ungdomshuset. Huset er kun ein utgiftspost med komunale avgifter og forsikring og er ikkje brukt av Ungdomslaget etter at nye klubblokale blei åpna på Langedalsbua.

Det var her dei som no er godt voksne sleit ut sine første dansesko. I sine glansdagar vart det arrangert opp til 3 dansar i veka med mykje moro, men slostkampane på vegen ovanfor huset var berykta langt utanfor Flora sine grenser. Seinare vart det ferre dansar og etter at Allhuset blei bygt har det ikkje vore mange tilstelningar i Ungdomshuset. Til sist blei huset stengt av brann- og el.-tilsynet. Å sette det i stand som forsamlingshus vil koste mykje og er ikkje i planane til Ungdomslaget.
Bygget blei oppført i 1947, seinare vart kjøkken og toalett bydt til. Grunnflata er 227 m2 og andre etasje er på 62 m2. Det er sjølveigande tomt med gode parkeringsmulegheter. For meir informasjon kontakt Ungdomslaget ved Atle Erling Grøneng (900 53 141) eller Asgeir Holsen (57 74 48 90)

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2