ImageÅrets Eikefjord dagar føyer seg pent inn i rekka av vellykka arrangement. I sentrum denne helga kunne ein gå rundt og snakke med feststemte folk og barn kunne ha det moro på alle aktivitetane som var retta spesielt mot denne aldersgruppa.

Ved å satse bevist på aktivitetar for dei mange ungane som kjem har ein klart å skape ein avslappa atmosfære. Her kan unger være med på aktivitetar utan at det skal koste for mykje. Litt køståing vart det nok, men alle såg ut til å ha det kjempemoro.
Når ungane har det moro er det også moro for foreldra. Inni mellom fekk dei nok tid til å ta seg ein tur innom alle standane for også her var det mykje folk og god handel.
På fredags kveld kl 11.30 vart alle gjestane på Sjøhuset innvitert ut for å være med på tenning av dei nye lysa på strandpromenaden. Tjukk skodde la ein dempar på opplevelsen, men det er ikkje tvil om at dette blir minst like fint som alle har drøymt om,
På rokonkurransen hadde Grendalaget sett eikefjordingane som favoritter og med den erfaringa dei fekk på roturen til Florø innfridde laget og vant. Premien på 5000.- vart overrekt Torleik Stegane som pent takka på vegne av roarane. Dei hadde bestemt seg for å bruke denne på å kjøpe seg eit andelsbrev i Miljø og Aktivitetsstranda. Så sjekken vart levert tilbake til Per Øyvind i Grendalaget som smilte endå breiare enn vinnarane av rokonkurransen.
Eikefjord prisen vart i år tildelt skigruppa i idrettslaget for den fantastiske jobben dei gjer for heile distriktet. Fantastisk anlegg og gode arrangement vart utslagsgivande, og alt sjølvsagt gjordt på dugnad.

Eikefjord.net vil legge ut bilder fra Eikefjord dagane så følg med utover i veka.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2