Søndag ettermiddag var det årsmøte i Eikefjord IL. Årsmeldinga viser at idrettslaget har 775 medlemmer, men på årsmøte er det berre 10 personer som møter. Interessa for å vere med er totalt fråværande hos det store fleirtalet av foreldre.

Valnemda har ikkje fått nokon til å ta på seg leiarvervet og mange av verva i hovedstyret, så det er sett opp ekstraordinært årsmøte torsdag 7. april kl. 19.00.
Det er ikkje berre hovedstyret som merker at det er vanskeleg å få foreldrene i sving, gruppene har det samme problemet. Det blei diskutert om ein skal innføre obligatorisk dugnad, der foreldre må binde seg for ein viss dugnadsinsats, for at deira ungar skal få være med i aktivitetane i gruppene. Om dugnad er helt uaktuelt må ein kjøpe seg fri.
Leder i valnemda, Sølvi Langedal er takknemleg om dei som vil gjere ein innsats tek kontakt.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2