Asbjørn Vågane fekk tildelt "Friidrettens Venners Ærespris" på Friidrettstinget i Leikanger i helga. Prisen fekk Asbjørn for alt han har gjort for friidretten dei siste 45 åra. Det er verdt å legge merke til at utøvere som han har hatt i si treningsgruppe har tatt heim til Eikefjord 25 medaljer i Donald Duck-leikane, Ungdomsmesterskap og Juniormesterskap dei siste 10 åra.
På same tinget blei Odd Asle Endestad gjenvalgt som styremedlem i Friidretskrinsen.

Friidrettens Venners Ærespris

Takketale Friidrettstinget 2005

 

Asbjørn Vågane er ingen gammal mann. Likevel har han samla seg ei fartstid på minst 45 år innan idrettsarbeid, først og fremst i sitt lokalmiljø heime i Eikefjord.

Som 14-15 åring byrja han å organisere friidrettskampar mellom Løkkebø og Storebru i regi av Stålsett IL (Laget til Ankerløkken i Florø).

Sin første stafett sprang han for Stålsett i 1959. Eit par år seinare var han med på laget som vart nummer to på Breimstafetten.

Utover sekstitalet modnast tanken om at eikefjordingane måtte ha sitt eige lag. Og då Eikefjord I.L. vart skipa i 1967, vart Asbjørn valt til varamann i friidrettstyret.

Alle som no til dags er innom fri-idrettstreningane på Eikefjord skule eller Eikefjord stadion kjenner Asbjørn som ein engasjert og flink fri-idrettstrenar. Ein av dei som ”alltid er på plass og gjer det han skal”.

Det spesielle er ikkje det at dagens unge kjenner han slik. Det spesielle er at om du spør ein eikefjording som no er 25, 35, 45 eller 55 år gammal om kven som gjorde jobben i fri-idrettsmiljøet då dei var heilt unge, så er svaret nett det same: han Asbjørn var jo ein av dei aller viktigaste. Han trena, han organiserte, han køyrde.

I 1970 åra var han trenar for jentene samstundes som han var formann i friidrettsgruppa. Jentene hevda seg godt i terrengstafettane på Vestlandet. Fleire av resultata frå denne tida er endå høgt på krinsstatistikkane.

Han var også med og trena og organiserte herrelaget i Eikefjord og Flora som på midten av 70 talet og utover var eit av dei leiande stafettlaga i Sogn og Fjordane både i terreng og på bane.

Nesten rart at han etter kvart fekk tid til å skaffe seg kone og eigne ungar, men han rakk det også, og det førte etterkvart til den rolla Asbjørn er mest kjent for i dag, kasttrenaren.

Eldste son til Asbjørn fekk brev frå krinsen om at han var reserve til uttak til Donald-leikane. Ein melde forfall, og Ørjan kom med og vart nr.4 i kulefinalen.

Dette kunne jo ikkje føre til noko anna enn at her måtte det trenast, og slik vart det. Kven som var den ivrigaste, far eller son, kan vere vanskeleg å sei. Teknikk, treningsmetodar, utstyr og lokale vart det lagt mykje arbeid og omtanke i.

Utstyr for styrketrening laga han sjølv, og garasjen vart i den grad treningsstudio at bilane fekk stå ute.

Drivkreftene i fri-idrettsgruppa hadde kasta sine auge på nokre blindkjellarar i underetasjen i Eikefjord skule. Tonnevis av jord, stein og rôtefjell vart grave ut med handemakt, før rommet vart innreia og fylt med utstyr for styrketrening. Og Asbjørn var heile tida i fremste linje: krafse, hammar eller sveiseapparat – han har alltid vore ein praktisk og sterk kar, som får til det meste.

I byggjefeltet heime rigga han også til ein enkel kulering, der mang ein smårolling fekk prøve seg.

Det kan pålag samanliknast med ein fiskeoppdrettar som satsar breitt, og sjølv ordnar opp med alt frå klekking til fullvaksen fisk. Om oppdrettaren er flink nok og uthaldande nok, så vert han rik.

Asbjørn Vågane er også vorten rik, men ikkje økonomisk sett. Du vert ikkje det av å legge så mykje tid, arbeid og pengar i fri-idrett som det han har gjort. Men rik på røynsle er han, og på kunnskap, og på glede over unge utøvarar som har lukkast godt med hans hjelp.

Dei unge utøvarane som har teke mot og fylgt opp hans råd og rettleiing, har hevda seg framifrå i sine øvingar. Gjennom det siste tiåret har eit godt halvt dusin unge teke heim til Eikefjord om lag 25 medaljar frå Donald Duck-leikane, Ungdomsmeisterskap og Junior NM

Dessutan, …. og dette veit han sikkert ikkje sjølv, for vi er ikkje flinke til å fortelje kvarandre slikt …. Her er no minst to generasjonar eikefjordingar som faktisk er glade og takksame for at vi er, eller har vore del av det miljøet Asbjørn Vågane har vore ei drivande kraft i gjennom alle desse åra.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2