Møtereferat FAU møte 3/3-04

 

Møte i FAU 03 mars 2004

 

 

 

 

 

Møtereferat

 

 

 

 

Desse møtte:

 

Astrid Steindal, Jan Olav Endestad, Anne Margrethe Øren, Arve Hovland, Anita Løkkebø, Monica Karlsen, Trond Heimseth, Marit Løvfald, Anstein Aa, Bodil Hovland Øren, Erna Agledal, Åsta Eikefjord, Anders Tyvold, Guri Draugsvoll, Kjell Svardal.

 

I Tillegg møtte Torleik Stegane og Aslug Kvamsås Aa Frå skulen.

 

 

Forfall: Per Endestad, Sølvi Langedal Næss, Anne-Marie Svardal, Wenche Sandvik, Tove Lise Gaare Mo

 

 

 

Astrid Steindal ønskte velkomen og gjekk gjennom referat frå FAU møte 23.10.03.

 

 

Det blei bestemt at klassekontaktane skulle overta ansvaret for dei delane av utanlegget som gjenstår:

 

4. klasse – Bord                 (Monica og Trond),

 

10. klasse - hinderløype      (Kjell Svardal),

 

 

Vidare blei det stilt spørsmål om status på problemet med uro på butikkane i storefri.

 

Det blei orientert om at denne saka har vert oppe i SU, og at ein der har gjeve elevrådet ein frist til vinterferien med å få orden på dette problemet, og om det ikkje har betra seg vesentleg kan ordninga bli avvikla. Rektor har ikkje fått tilbakemelding frå butikkane i denne perioden, men vil ta kontakt med dei for ein status, og informere vidare om dette på neste møte i FAU.

 

 

Det blei diskutert om ein skulle kopiere FAU referat til alle foreldre.

 

Konklusjonen blei at ein kopierer til FAU, og i tillegg legg det ut på www.eikefjord.net

 

 

Sak 1/04

 

Skuleskyss – problem med forseinking.

 

Rektor og leiaren i FAU har motteke brev frå elevrådet om problem med at ein buss ved fleire anledningar har vore for sein til første time, og at dette er frustrerande for elevane.

 

Etter dette har ein teke kontakt med Firda Bilag som lovar betring.

 

Venting på vegarbeid må ein dessverre rekne med ein periode, men Astrid vil ta kontakt med Mesta for å sjå om dei kan være meir merksame på skulerutene.

 

 

Sak 2/04

 

Endring i timetal 1. - 4. kl. frå hausten.

 

Desse skal ha ein time meir for veka. Dette skapar litt utfordringar mht. skuleskyss på fredagane. Rektor arbeider med forskjellege løysingar på dette.

 

 

 

Sak 3/04

 

OLWEUS programmet

 

Rektor og inspektør orienterte om programmet og erfaringane som er gjort. Skulen er med på sentral undersøking og det er registrert nedgang i mobbing etter at dette programmet blei innført. Qlweus programmet er blant dei programma som har best dokumentert effekt på skulemiljø og mobbeproblem.

 

Eikefjord Skule er einaste skulen i Flora som nyttar denne metoden.

 

Alle klassekontaktane uttalte seg om miljø og mobbing i sin klasse, og det er nesten udelt positive tilbakemeldingar frå alle klassar.

 

Et par av klassane har noe uro, men dette er det sett tiltak på.

 

Konklusjonen må være at skulemiljøet på Eikefjord skule er svært bra.

 

 

 

Sak 4/04

 

Nye ordensreglar - Utsett til neste møte.

 

 

Sak 5/04

 

Framtidsverkstaden til Eikefjord Grendalag – Skulen - Bygda sitt hjarte.

 

Astrid les opp brev frå ”framtidsgruppe 1” – målet til denne gruppa er å inkludere skulen meir i bygda, og få eit positivt løft for skulen og bygdefolket si holdning til skulen.

 

Av enkeltsaker kan nemnast:

 

  • Tiltak og idear for å få SFO i drift igjen.

     

  • Meir fokus på det fine uteområdet på skulen

     

  • Meir aktiv nettside for info om ting som skjer på skulen

     

  • Generell positiv fokusering – Våre holdningar som foreldre smittar over på ungane.

     

 

 

Sak 6/04

 

Storforeldremøte og 17.mai

 

Storforeldremøte - tema ble vurdert, skulens leiing kommer tilbake med endelig dato og tema.

 

 

17.mai komiteen er etablert i arrangementet er under kontroll.

 

 

 

 

 

Ref.

 

Anstein Aa

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2