Møtereferat FAU møte 17. mars 2004

Møte i FAU 17. mars 2004

 

 

 

 

Møtereferat

 

 

Desse møtte:

 

Astrid Steindal, Per Endestad, Jan Olav Endestad, Anne Margrethe Øren, Anita Løkkebø, Monica Karlsen, Trond Heimseth, Marit Løvfald, Anstein Aa, Bodil Hovland Øren, Erna Agledal, Åsta Eikefjord, Anders Tyvold, Kjell Svardal, Wenche Sandvik, Tove Lise Gaare Mo

 

 

I tillegg møtte Torleik Stegane og Aslaug Kvamsås Aa frå skulen.

 

 

Forfall: Arve Hovland, Sølvi Langedal Næss, Anne-Marie Svardal, Guri Draugsvoll

 

 

Astrid Steindal ønskte velkomen og gjekk gjennom referat frå FAU møte 03.03.04

 

Det var ikkje merknader til referatet.

 

 

Oppfølgingssaker:

 

 

Uro på butikkane i matfriminuttet.

 

Rektor har vært i kontakt med butikkane, tilbakemeldinga er at situasjonen er tilnærma uendra.  FAU tilrår SU å avvikle ordninga

 

 

Oppfølging Sak 1/04 Skuleskyss

 

Astrid har vore i kontakt med Mesta som opplyser at dei er spesielt merksame på skulerutene.

 

 

Oppfølging Sak 2/04 Endring i timetal 1. - 4. kl. frå hausten.

 

Det ligg an til å bli ein ekstra skuleskyss på fredag.

 

FAU har ikkje spesielle synspunkt på dette.

 

 

Oppfølging Sak 6/04 Storforeldremøte.

 

Ein tar sikte på Storforeldremøte mellom påske og 1. mai.

 

Rektor arbeider med å få på plass foredragshaldar innanfor tema ”mediesamfunnet”

 

Det vart diskutert om ein skulle samle både foreldre og ungdomskuleelevar.

 

FAU miner ein eventuelt bør ha eige opplegg for elevane på dagtid.

 

 

 

Sak 4/04 Nye ordensreglar

 

 

Forslag til nye ordensreglar blei gjennomgått. Vedtak skjer i SU (Samarbeidsutval).

 

FAU foreslår å forby bruk av mobiltelefon og anna utstyr med sendar/mottakar i skuletida.

 

 

Sak 7/04 Referat på nett.

 

Referat godkjennast av leder og nestleiar i FAU før det publiserast.

 

 

Sak 8/04 seksvekers plan

 

Aslaug orienterte om 6 vekers plan. Spørjeskjema til føresette blir sendt ut i nær framtid.

 

 

Sak 9/04 NOU 2003: 16. instilling frå kvalitetsutvalet

 

FAU og skuleadministrasjonen har behov for meir informasjon om denne innstillinga som foreslår omfattande endringar i skulen.

 

 

 

 

 

 

Ref.

 

Anstein Aa

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2