Referat fra FAU møte 23.10.03

Møte i FAU 23.10.2003

 

 

 

 

 

Møtereferat

 

 

 

Desse møtte:

 

Jan Osa (avtroppande Leiar)

 

Jan Olav Endestad, Anne Margrethe Øren, Anita Løkkebø, Monica Karlsen, Sølvi Langedal Ness, Anstein Aa, Anders Tyvold, Guri Draugsvoll, Marit Løvfald, Astrid Steindal

 

 

 

 

Jan Osa informerte om arbeidet og erfaringar som er gjort i FAU 2002/03. Hovudoppgåvene i denne perioden var skulejubileet, ferdigstilling av ute anlegg og ein del møter omkring trusselen om flytting av ungdomsskulen. Nokre småting gjenstår på ute anlegget – bl.a. hinderløype (10.kl) og bord (4.kl)

 

Det blei stilt spørsmål om mandatet til FAU – mykje god info finn ein på www.foreldrenettet.no eller www.fug.no

 

 

Info frå rektor om storforeldremøte.

 

Det bør avholdast to storforeldremøte der forslag til tema kan være:

 

  • Omsorg

     

  • Internet bruk / info til foreldra

     

  • ”mediesamfunnet”

     

 

Vidare informerte rektor om kvalitetsutvalgets instilling (NOU 2003:16)

 

I grove trekk er innhaldet følgjande:

 

  • Lausare klassestruktur – det blir grupper i staden for klasser

     

  • Meir testing av elevar

     

  • Flora Kommune er som høyringsinstans kritiske til delar av NOU

     

 

Aslaug Kvamsås Aa orienterte om skulen sitt handlingsprogram for 2003 / 2004

 

Det er utarbeidd ein folder som inneheld planer, handlingsprogram, aktivitetsplan og ordensreglar med meir.

 

Denne er å finne på www.eikefjord.net under institusjonar - Skulen

 

 

Det blei også orientert om planer for grunnskuleveka (veke 45). Årets tema er: ”Ingen utanfor”.

 

Grunnskuleveka er eigentlig et ”foreldre” opplegg, men blir gjennomført av skulen. Det blir ein del fellesaktivitetar denne veka, ca. 1 time pr. dag med tema som dikt, musikk, film. Vidare blir det utvida fadderordning for heile skulen: 6.kl -> 1.kl …. 10.kl -> 5.kl.

 

 

 

 

Eventuelt / Småsaker

 

SFO - Det blir ikkje SFO i år på grunn av for lite interesse ved fristens utløp våren 2003

 

Førespurnad om interesse for neste år blir sendt ut av rektor i mars 2004

 

 

17 mai - 5. og 8. klasse skal som vanleg arrangere 17 mai. Klassekontaktar kallar inn til møte i god tid.

 

 

Det blei reist spørsmål om kvifor klasseromma var låst om morgonen, då dette blir oppfatta litt problematisk når elevane skal hente bøker etc.

 

Grunnen til dette er problem med bruk av ute sko i klasseromma.

 

Det blir arbeidd med å mjuke opp desse rutinane.

 

 

Rektor har fått brev frå Eikefjord Handel om litt urolege forhold ved butikkane når elevane får gå dit i mat friminuttet. Rektor orienterte om at det var SU som i si tid tillet ungdomskuleelevane å gå i Eikefjorden i mat friminuttet, og formelt er det SU som må behandle saka vidare. Holdninga i FAU er skepsis til ordninga, men ein innser at dette er eit ”gode” for ungdomskuleelevane som ein ikkje utan vidare skal ta i frå dei.

 

 

 

Val

 

Leiar: Astrid Steindal

 

Nestleiar: Guri Draugsvoll

 

Sekreter: Anstein Aa

 

 

 

 

 

 

 

Ref.

 

Anstein Aa

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2