Nytt alternativ til reguleringsplan for Kyrkjebukta

Grendalaget har etter folkemøte 24. oktober foreslått at reguleringsplanen for Kyrkjebukta blir "sett på vent". På møtet kom det særs positive signal om at dagens badestrand ved Småbåthamna kan nyttast som framtidig badestrand. Eikefjord Grendalag håper at grunneigarane i Fellesfjæra er viljuge til å selde eller inngå ei langtidsleigeavtale med Flora kommune. På den måten kan ein søke om statlege/fylkeskommunale midlar for å tilretteleggje arealet som offentleg badeplass i Eikefjord. Medlemmer i Eikefjord småbåtlag har gitt uttrykk for at ei utviding av småbåthamna ikkje er økonomisk realistisk. Grendalaget har sendt brev til dei ulike partane med oppmoding om å ta ei avgjersle for dei faktiske forholda. Vi venter no på utale frå grunneigarane av fellesfjæra og småbåtlaget, og ser fram til ei positiv løysing for reguleringsarbeidet på Kyrkjebukta..

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2