Eikefjord Grendalag
Boks 52

6941 EIKEFJORD Eikefjord, 25.01.02

Statens Vegvesen, v/ Lars Magnar Røneid, 6863 HERMANSVERK
Flora kommune, v/ Teknisk etat, 6900 FLORØ

SKILTING LANGS NYE RIKSVEG 5 VED EIKEFJORD - FLORA KOMMUNE

Arbeidet på utvidinga og nye trasé langs riksveg 5 ved Eikefjord går raskt, noko vi som brukarar set stor pris på. I samband med omlegginga av vegen utanfor Eikefjord, er det viktig for bygda og setje fokus på at Eikefjord skal utvikle seg positivt med tanke på tal innbyggjarar og næringsdrivande. Ein del personar er redd for at bygda skal "bli lagt død" når vegen vert lagt utanom. Dette må vi sjølvsagt arbeide sterkt for at ikkje skal skje, og Eikefjord Grendalag er difor opptatt av å leggje forholda best mogleg til rette for positiv bygdeutvikling og at dei næringsdrivande skal oppretthalde omsetnaden sin.

I samband med omlegginga av riksveg 5, vil det for Eikefjord vere viktig å ha tilstrekkeleg informasjon og god skilting om kva bygda kan tilby. Vi ynskjer difor at det i god tid før kvar nedkøyring til Eikefjord vert opparbeida ein utkøyring med informasjonsskilt som syner kva Eikefjord har å tilby. Desse avkøyringslommene må såleis vere på følgjande strekningar: Storebru - Knapstad og Kvalvik - Grov. Vi håper dette er omsyn som Statens Vegvesen vil ta med i planane sine og gjennomføre i samband med utviinga av strekningane. Dersom det er ynskjeleg, deltek Eikefjord Grendalag gjerne på møte for å diskutere saka.

Eikefjord Grendalag er særs positiv til at ein ynskjer å bygge ein topp standard rasteplass på den nye traséen forbi Eikefjord. Plasseringa av denne rasteplassen vil gje ei flott utsikt over bygda vår, og det vil i den samanhengen vere naturleg å setje opp ei informasjonstavle som syner kva ein ser, og kva tilbod Eikefjord har. Vi vonar ei slik tavle ligg inne i planane til Statens Vegvesen knytt til rasteplassen.

Skulle det vere ynskjeleg med informasjon om ulike ting eller dykk ynskjer eit møte, gjer vel å ta kontakt. Underteikna er å treffe på: 57 75 21 95 (a), 57 74 92 78 (p) eller 90 74 82 38 (m).

Vi voner våre innspel vert tekne med i dei vidare planane for arbeidet med utviing og omlegging av riksveg 5 ved Eikefjord, og ser fram til å høyre frå dykk.

Med helsing
Eikefjord Grendalag


Brigt Samdal
leiar

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2