Eikefjord Grendalag
Boks 52

6941 EIKEFJORD Eikefjord, 21.01.02

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Landbruksavdelinga
Boks 14

6801 FØRDE

Årsrapport for områdetiltak i Eikefjord 2001

Eikefjord Grendalag arbeidar med ei framtidsretta positiv utvikling av bygda Eikefjord. I den samanheng vert det arbeida med ulike tiltak knytt opp mot vassmiljø og kulturlandskap. Så langt har ein kome i gong med nokre oppgåver:

Eikefjord Grendalag har engasjert seg i å få fram ein reguleringsplan for Kyrkjebukta. Dette er eit areal som strekker seg frå sentrum (Sjøkroa) og til båthamna. Inn i planane som har vore på høyring, er det innlagt eit rekreasjonsområde/badeplassmiljø som vert av særs stor verdi for bygda. Planen hadde høyringsfrist januar 2001, etter dette har ikkje kommunen hatt noko framdrift i saka. Etter grendelagets engasjement har ein klart å få til nye og truleg betre planløysingar. Planane vil truleg derfor verte endra og skal så ut på ein ny høyringsrunde. Utforminga og tilrettelegginga av dette området krev ei fornuftig og gjennomtenkt planløysing, noko som gjer at det enno vil gå ein del tid før prosjektet kan realiserast.

Eikefjord Grendalag arbeidar med utvikling av den maritime fasaden for Eikefjord. I denne samanhengen har vi byrja eit registreringsarbeid på alle naust, notbuer og sjøhus, samt innhenting av informasjon om gamle trebrygger/-pirar i Eikefjord. Desse var særmerkte for Eikefjorden og utgjorde såleis ein viktig del av identitet og kulturlandskapet i Eikefjord. Ein del av tankane rundt oppatbygginga av trebryggene er å binde dei ulike delane av bygda tettare saman i ein heilskap. Etter at den innsamla informasjonen er sett i system vil ein kalle inn grunneigarane og ressurspersonar til idédugnad om korleis ein ynskjer å ta fatt i restaureringsarbeid og utvikling av den maritime fasaden til Eikefjord. I det vidare arbeidet vil ein engasjere landskapsarkitekt for heilskapleg vurdering og løysing. Vi har ikkje fått gjort så mykje med dette temaet i 2001 som vi ynskte. Arbeidet med den maritime planen vil bli prioritert opp i 2002.

Eikefjord Grendalag arbeidar med å få oversyn over ulike eldre bygningar og infrastruktur som har vore ein viktig del av identiteten til Eikefjord. Mellom anna vert det gjort registreringar av den gamle ferdselsåra gjennom bygda (Hyen-Naustdal), for å kome i gong med rydding og restaurering av den gamle kulturarva. Dette er eit naudsynt arbeid, og er viktig å setje fokus på i samband med utbygginga av Rv 5.

Eikefjord Grendalag er involvert i utviklinga av nærmiljøet av Eikefjord. I samband med utbygging av gang- og sykkelsti i sentrum og tilrettelegging av nærmiljøtiltak i Eikefjord sentrum er det nedsett ei koordineringsgruppe som vil sjå til at ein finn dei mest optimale løysingane for utforminga av tiltaka i sentrum. I tillegg til grendalaget sit representantar frå Flora kommunen, Statens vegvesen, Telenor og YFK.

For nærare informasjon om dei ulike sakene grendalaget arbeidar med viser vi til våre internettsider. Adressa er: www.eikefjord.net

Kontaktperson: Eikefjord Grendalag, Boks 52, 6941 EIKEFJORD
leiar Brigt Samdal tlf. 57 74 92 78 (p)/90 74 82 38 (m)/57 75 21 95 (a)
Internett: www.eikefjord.net
Straumpost: [email protected]

Vennleg helsing
Eikefjord Grendalag


Brigt Samdal
leiar

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2