Tirsdag den 6/12 hadde FAU møte på klasserommet til 9. klasse på Eikefjord skule. Referat fra desse møta finn du under Eikefjord Skule.

M ø t e b o k

 

For

 

F A U

 

Tirsdag 06.12.04 kl 18.00 vart møte halde på klasserommet til 9. klasse på Eikefjord skule.

Til stades: Arna Hopen, Jan Telstø, Nina H. Liseth, Anne Margrethe Øren, Vigdis Foss, Anita Løkkebø, Ann Cathrine Øren, Marlyn Tonheim, Sølvi Langedal Ness, Ole Johnny Lid , Anne- Marie Svardal, , Anders Tyvold, Ingunn Bergheim Aa, Wenche Sandvik, Jan Osa.

Frå skuleadministrasjonen møtte Torleik Stegande og Aslaug Kvamsås Aa.

Forfall: Per Endestad, Trond Heimseth, Trine Tønnesen, Bodil H. Øren, Idar Øren

Møteleiar: Arna Hopen.

Møteboka for møtet 05.10.04 vart godkjent slik den ligg føre.

 

Saker til handsaming

Sak 17/04 Prosjekt: Fysisk aktivitet og måltid i skulen.

Aslaug Kvamsås Aa orienterte kort om status for prosjektet. Brakka kjem truleg på plass etter nyttår. Plassering og godkjenning har teke noko tid i byråkratiet. Elevane bør bruke tida fram til jul til planlegging av elevaktivitet og utarbeiding av regelverk for bruken av brakka. Etter nyttår vert det så dugnad. Kva FAU og foreldra skal gjere kjem ein attende til. Dette vert avklara gjennom samarbeid mellom prosjektgruppa og FAU. Matpakkekonkurransen er avslutta- fleire gutar enn jenter hadde ikkje med seg matpakke. Opplegget med melk og frukt fungerer fint. Trimopplegget går greit. Dei yngste er flinkast.

Foreldra i FAU hadde i all hovudsak berre positive tilbakemeldingar å gi. Det verkar som både barn og foreldre syns dette er eit flott prosjekt.

 

Sak 18/04 Grunnskuleveke/ Tema-veke/dagar.

Arna Hopen orienterte om Aktivitetsdagane hos Leidulf og Sigga i Hamna for 1 –6. klassane og om fiskefesten som 5 og 6. klasse arrangerte. 1-2, 3-4, 5-6 hadde kvar sin dag der dei fekk vere med på heile prosessen. Stor stas!

Fiskefesten for 5-6 kl vart halden i gym-salen. Elevane og foreldra samarbeidde godt og laga ein triveleg fiskefest.

Sølvi L. Ness orienterte om foredraget om ”Kropp og sjølvbilete” som Irene Haugen heldt for 7-10. klasse. Hovudtema var anoreksia. Det var eit interessant foredrag over eit tema som opptek ungdomen.

Under foredraget var det ein del uro og til dels uakseptabel framferd. 7 klasse oppførde seg best, medan 10. klasse var verst.

Fau drøfta om og på kva måte FAU som utval for samarbeid mellom heim og skule kan reagere og gjorde samrøystes slikt

Vedtak

•  Fau sender eit orienteringsbrev til skulen der tilhøva kring foredraget om ”Kropp og sjølvbilete” vert omtala og der det vert sett fokus på skuleungdomen si framferd.

•  Fau ber skulen vidaresende dette brevet til alle foreldra i 7-10 klasse.

•  Fau oppmodar skulen til å sende eige brev til heimane til dei 10-15 elevane som ”ødela” for resten av dei ca. 75 elevane.

Sak 19/04 Undervisningsopplegg i Brannvern.

Vigdis Foss som arbeider på alarmsentralen i Florø, tok føre seg tema om opplæring i branntryggleik i skulesamanheng. Dsb har utarbeidd gratis undervisningsmateriell tilpassa dei ulike aldersgruppene. Det kan også vere aktuelt å samarbeide med brannstasjonen i Eikefjord, evt. Florø for demonstrasjon m.m.

Torleik Stegane opplyste at skulen skal ha to brannøvingar i året og stiller seg positiv til undervisningsopplegg i forkant av desse øvingane. Dette må avklarast med lærarane.

Fau- ser positivt på tiltaket. Det gir elevane allmennkunnskap som kjem til nytte både på skulen og i den einskilde heim.

Fau- gjorde samrøystes slikt

Vedtak

•  Fau ber skuleleiinga vurdere om dei vil nytte dette undervisningsopplegget i brannvern.

•  Fau får tilbakemelding frå skuleleiinga før 20. januar på om skulen vil nytte opplegget og på kva Fau kan bidra med.

Eventuelt.

 

Vindu/Rømningsveg i klasserom for 6. klasse.

I 6. klasse er eit vindu ”spikra att” med klossar. Dette er gjort av ”sikkerhetsgrunnar”, då hengslene er slitte og vinduet vippar lett opp og igjen. Samtidig er det stilt spørsmål om dette er rømningsveg og branntryggleiken såleis er svekka. Kva kan gjerast?

 

Vedtak:

Sjekk kvar rømningsvegane er. Ta det opp med branntilsynet og evt. monter brannhammar ved vinduet. I nødsituasjon vil vinduet bli knust.

 

Avslutning før jul – skal Fau hjelpe til med avslutningen for ungdomstrinnet?

Aslaug opplyste at elevane hadde hand om dette og at alt var under kontroll.

 

Lang skuleferie -

Den lange skuleferien ved jul skapar ”problem” for utearbeidande foreldre. Kan Fau påvirke framtidige juleferiar?

Torleik opplyste at skuleruta for 2005 alt var lagt og at elevane neste år går til 21. desember. Skuleruta vert bestemt av Fylkesmannen og det er lite vi kan gjere for å påvirke den.

 

Møtet slutt kl 19.30

 

Anders Tyvold

sekretær

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2