ImageDei som fant vegen til Allhuset søndag kveld fekk ein intimkonsert som ikkje er kvardagskost i Eikefjord. Stine Larsen og Håvard Lothe Lauritsen gav publikum ein god konsert, med nokre julesanger og ein del som Håvard har skreve sjølv.

Publikum viste tydleg at dette var noko dei sette pris på og syntes nok denne timen gjekk alt for fort. Etter siste nummer vart duoen klappa inn igjen på scena og ein av Håvard sine komposisjonar, Beautiful ways, blei ønskt av publikum som ekstranummer.
Håvard går for tida på "Paul McCartney" skulen og synest det er moro å gjere det han har mest lyst til. Stine ønsker fleire sang oppdrag og Håvard nikka samtykkande - dette er moro. Det er berre å ta kontakt så stiller duoen opp.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2